AktivSykepleie

Timebestilling:

https://system.easypractice.net/book/aktivsykepleie

Du kan også sende oss en mail: AktivSykepleier@gmail.com

Eller ring oss på telefon: 4713 4724

Vi er på facebook og Instagram - AktivSykepleier

Sykepleiere går privat --

Du har kanskje lest om oss i Hallingdølen?  Her kan du lese hele artikkelen!

Dei to damene fortel entusiastisk om si nye bedrift. Dei meiner tilbodet truleg er det einaste av sitt slag i Hallingdal. Etter å ha vore kollegaer i 14 år på Hallingdal legevaktsentral, såg dei rett som det var folk som ikkje fekk den hjelpa dei trong frå helsevesenet.

- Det er dei som ikkje har akutte medisinske behov, som ringer når legekontoret er stengt eller ikkje har fastlege i Hallingdal, som hytteturistar for eksempel, fortel Kjønaas.

Dei prøver å få til eit lågterskeltilbod som ligg som ein «potet» i sjiktet mellom det akutte og vanlege legetenester.

Det inneber at dei skal måle blodtrykk og blodsukker, bytte av plaster eller kompress, drive sårbehandling eller yte medisinsk hudpleie. Kosthald- og livsrettleiing er andre tenester dei to gründerane vil tilby hallingar og hyttefolk. Dei har arbeidserfaring frå barnevernet og vil òg tilby støttesamtalar i samband med sorg og krise.

Aktiv helse

1. september flytter dei inn i lokala til Aktiv Helse på Geilo. Frå før held det til både kiropraktor og fysioterapi her. Sire og Kjønaas ser fram til å bli ein del av eit større fagmiljø.

- Då me fekk vite om dei ledige lokala og at det var eit høve til å starte opp, heiv me oss rundt. Det gjorde det enkelt for oss, fortel Sire.

Med på laget som medisinsk ansvarleg, har dei Lars Haukeland. Haukeland er ortoped og plastisk kirurg med klinikk i Drammen. Han har tidlegare vore lege i Hemsedal.

- Det er viktig å ha ein med stor fagleg tyngde. Han syns det var spennande og likte konseptet, og det er jo ekstra gøy for oss, fortel Sire.

Dei vil halde fram som sjukepleiarar på legevaktsentralen, men på sikt håper dei at den nye bedrifta blir altoppslukande. Førebels er tilbodet privat, men dei håper at det etter kvart kan bli ein del av det offentlege. Det vil gje dei høve til å vise pasientar vidare til andre spesialistar.

- Me vil vere opne når andre ikkje er det. Samtidig ser ein at turistar oppheld seg mykje lenger på hyttene enn før. Det opnar også for andre behov enn det var før, fortel Kjønaas.

Unngå lang reising

Dei to trur også at enkelte pasientar kan spare seg for mykje reisetid ved å nytte deira tenester.

- Det er langt til sjukehus for sårstell, for eksempel. Me veit at mange bruker lang reisetid i bil eller helsebuss for noko me kanskje kan hjelpe med, fortel dei.

Ein typisk pasient kan vere eit eldre menneske som på ein laurdag treng å skifte kompress etter ein operasjon.

- Då slepp ein å vente til det er kvardag og dei vanlege legekontora er opne, fortel Sire.

Innspurt

No er det full fres fram til opning i september. Dei har allereie fått fleire timeavtalar, og tilbakemeldingane frå kollegaer har vore gode.

Dei er klare til å bruke all sin kompetanse i eit vidt spekter av behov. Men er det ein ting dei er gode til ifølge seg sjølv, så er det å vurdere.

- Kvardagen på legevakta består av å vurdere. Det sit i ryggrada og det kan me, fortel Kjønaas.

Å vere eigne sjefar nokre dagar i veka ser dei fram i mot.

- Det er jo friare. Me trur på behovet for ein klinikk som vår og me er optimistiske. Kan hende kjem me til å vekse og kanskje få fleire tilsette. Og me håper folk vi dra nytte av dette tilbodet, seier dei.


Vår fagansvarlig lege er Dr Lars Haukeland som driver KlinikkHaukeland i Drammen.

                 https://www.klinikkhaukeland.no/




For at du skal få rett behandling, ønsker vi en konsultasjon i forkant av IPL, Dermapen og Botoxbehandling. Konsultasjonen kan tas i kombinasjon med behandlingen.


Har du behov for ernærings- og livsstilsveiledning, har vi også dyktige fagfolk vi kan knytte opp mot din behandling. 

Vi leverer private sykepleie-tjenester

AKtivSykepleie

Har du acnearr, pigmentflekker, solskadet hud, rosacea, sprengte blodkar og rødhet, linjer som skjemmer deg - vi hjelper deg med å skreddersy en pleiende og god behandling for din hud.